500 Nå soli bak om blåe fjell



1. No soli bakom blåe fjell 
sitt ljose andlet gøymer, 
og mørker over heimen fell, 
og jordi ligg og drøymer. 
Gud, lat di åsyn lysa ned, 
så heilag fred inn 
i vårt hjarta strøymer! 

2. Kom, Jesus, inn og med meg ver 
når det til kvelden stundar! 
Og lat din engel standa her 
ved lægjet når eg blundar, 
og vara vel min kvilestad! 
Og vekk meg glad 
til song med fugl i lundar! 

3. Men når eg her min nattverd held, 
og livet kring meg tagnar, 
eg minnast må min siste kveld, 
då ikkje meir det dagnar. 
Når soli neste morgon stend 
opp over grend, 
ho meg då ikkje gagnar. 

4. Men Jesus fører meg ved hand, 
eg ikkje råd skal sakna. 
Han fører meg til livsens land, 
der alle stormar spakna. 
Når eg i grav er gøymd og duld, 
for Kristi skuld 
eg skal ein morgon vakna. 

Text: Elias Blix
Musik: Ludvig Mathias Lindeman

Kommentarer

Populära inlägg i den här bloggen

521 Så ta da mine hender

461 Jag är främling, jag är en pilgrim