494 Syng i stille morgonstunder




1.Syng i stille morgonstunder, 
syng Gud Fader lov og ros! 
Sjå, han gjer på ny det under: 
kallar fram or mørkret ljos! 
Sjå hans sol all skapning gyller, 
alt med liv og lovsong fyller, 
sjå hans kjærleiks smil i sky, 
sjå kvar dag hans nåde ny! 

2. Lær oss, Gud, kvar dag å telja, 
sjå, kor snøgt vår livsdag lid! 
Lær oss livsens veg å velja 
medan det er enno tid! 
Enn i dag du vil oss kalla, 
snart kan mørker på oss falla. 
Lat oss, medan det er dag, 
fylgja Andens nådedrag! 

3. Gud, som skapte sol og stjerna,
deg me syng vår takk og lov, 
at om oss du ville verna 
medan me i mørker sov! 
Lys og lei oss, ljosens Fader, 
til vår sol i gravi glader, 
vekk oss so til morgon ny, 
dag med solskin utan sky!

Text: Elias Blix (NoS 799)
Musik: Ludvig Mathias Lindeman

Kommentarer

Populära inlägg i den här bloggen

500 Nå soli bak om blåe fjell

418 Framåt, framåt går ett tåg