505 No livnar det i lundar




1. No livnar det i lundar, 
no lauvast det i lid, 
den heile skapning stundar 
no fram til sumars tid. 

2. Det er vel fagre stunder 
når våren kjem her nord, 
og atter som eit under 
nytt liv av daude gror. 

3. Guds kyrkja lysa skulde 
som høgt på berg ein stad, 
med sumar utan kulde 
og utan solarglad. 

4. Guds ord vel alltid lyser, 
den sol gjeng aldri ned: 
det hus som Anden hyser, 
ligg stødt i ljos og fred. 

5. Men stundom kom då kulde 
på Herrens kyrkjemark: 
det var som Gud seg dulde, 
og burte var Guds ark. 

6. Det var dei myrke dagar, 
Guds ord var fåhøyrd segn; 
og hjarta frys og klagar, 
det saknar sol og regn. 

7. So sende Gud sin Ande 
som dogg på turre jord; 
då vakna liv i lande, 
då grøddest vent Guds ord. 

8. Då er det sæle tider 
for Kristi kyrkjegrunn; 
då lauvast det i lider, 
då livnar det i lund. 

9. Då ljosnar det i landet 
frå fjell og ned til fjord; 
då losnar tungebandet, 
då kved Guds folk i kor. 

10. Då skin det yver strender 
som sol ein sumarkveld: 
då gløder kring i grender 
ein heilag altar-eld. 

11. Du vår med ljose dagar, 
med lengting, liv og song! 
Du spår at Gud oss lagar 
ein betre vår ein gong, 

12. då me med vigsla tunga, 
med kjærleik heil og klår, 
alt utan brest og sprunga 
skal lova Herren vår.

Text: Elias Blix (NoS 844)
Musik: Ludvig Mathias Lindeman

Kommentarer

Populära inlägg i den här bloggen

500 Nå soli bak om blåe fjell