532 Fagert er landet du oss gav




1. Fagert er landet du oss gav,
Herre, vår Gud og vår Fader! 
Fagert det stig av blåe hav, 
soli ho sprett og ho glader, 
signar vårt land i nord og sud; 
såleis di åsyn lyser, Gud, 
over vårt Noreg i nåde. 

2. Likjest vårt folk i mager jord 
skjelvande blomen på bøen, 
står utan livd i vind frå nord 
tett innmed kanten av snøen. 
Herre, du ser med miskunn ned, 
folket vårt gjev du livd og fred, 
er oss så kjærleg ein Fader. 

3. Her ned i grunnen sveitten rann 
trufast åt fedrane våre. 
Her dei sin heim og hugnad fann, 
dogga med smil og med tåre. 
Her har det flødt ei såkornflod 
varm av vårt beste hjarteblod, 
her har me grorbotn å veksa. 

4. Tidi ho renn som elv mot os, 
fort skifter sumar med vetter. 
Fader, ver alltid Noregs los 
radt til dei seinaste ætter! 
Herre, vår Gud, vårt Noregs Gud, 
varda vårt land frå fjell til flud, 
lær oss å gå dine vegar! 

5. Signa då, Gud, vårt folk og land, 
signa vårt strev og vår møde, 
signa kvar ærleg arbeidshand, 
signa vår åker med grøde! 
Gud, utan deg den vesle urt 
veiknar og visnar, bleiknar bort, 
ver du oss ljoset og livet!

Text: Anders Hovden

Kommentarer

Populära inlägg i den här bloggen

500 Nå soli bak om blåe fjell

461 Jag är främling, jag är en pilgrim

521 Så ta da mine hender