533 Gud signe Noregs land



Alt. koral:


1. Gud signe Noregs land, 
kvar heim, kvar hal og strand, 
//: kvar lund og li ://
Han lat' det aldri døy, 
han verje bygd og øy, 
han verje mann og møy, 
//: til aevleg tid! ://

2. Me fekk det høgt og fritt, 
me fekk det vent og vidt 
//: med hav og fjell ://
Det stend so trygt og godt,
det stend so reint og blått,  
rett som eit gudeslott 
//: med solskinstjeld ://

3. Det er vår elsk på jord, 
det er vårt beste ord, 
//: vår trivd og trygd ://
Storfrægdarmenn dei var,
som fram til oss det bar, 
det er vår ættargard 
//: til fridom bygd :// 

4. Stort arbeid ned er lagt 
i landsens fred og makt 
//: frå tid til tid ://
Det kosta tusen år, 
i kav frå vår til vår, 
i strid så tung og sår 
//: før me vart fri :// 

5. Her ligg dei grav i grav, 
frå hei og ned i hav, 
//: som stridde so ://
Gud sign'kvar ærleg svein 
som søv der under stein, 
Gud sign' dei kvar og ein, 
//: der dei er no ://

6. Men landet dei har rudt, 
det vil me verja trutt 
//: til siste stund ://
Vår elsk og beste akt, 
vårt liv og all vår makt 
skal vera Noregs vakt 
//: til siste stund ://

7. I kjærleik varm og mild 
me legg vår vilje til, 
//: då veks det fram ://
Då fær det bløma blidt, 
då fær det spørjast vidt 
og alltid standa fritt 
//: for naud og skam ://

8. Her stig det stort og blått 
vårt fagre heimlands slott 
//: med tind og tårn :// 
Og som der ervdest ned 
alt fagrar' led og led, 
det byggjast skal i fred 
//: åt våre born ://

Text: Arne Garborg

Kommentarer

Populära inlägg i den här bloggen

500 Nå soli bak om blåe fjell

461 Jag är främling, jag är en pilgrim

521 Så ta da mine hender