448 Å tenk på Gud i ungdoms år




1. Å, tenk på Gud i ungdoms år! 
All vokster god må gro um vår, 
um han skal grøda gjeva.
So lat då Gud ditt hjarta få 
frå ungdom og til alder grå! 
Då vert det lyst å leva! 

2. Å, tenk på Gud i ungdoms år, 
når voni lyser ven og klår 
som vår i ljose lundar, 
når hjarteliv som blomen sprett 
og seg for ljoset opnar lett 
og etter kjærleik stundar! 

3. Ja, tenk på Gud i ungdoms år, 
før deg dei vonde dagar når 
som du må ille lika! 
Det kjem ein kveld so kald og skum, 
då vert det tungt å venda um 
og frå det vonde vika. 

4. So tru på Gud når du er ung, 
før du vert gamal, trøytt og tung, 
og sorger hjarta fyller! 
For trui adlar ungdoms år, 
gjev krona gjæv til gråe hår 
og deim med rettferd gyller. 

5. Gud, lat då bløma i kvar bygd 
ein ungdom rik på tru og dygd, 
og lær deim Kristi lydnad! 
Og lat so alle gamle få 
den gode alders krona på, 
den kristne rettferds prydnad!

Text: Elias Blix
Musik: Tysk folkvisa / Nürnberg 1530

Kommentarer

Populära inlägg i den här bloggen

500 Nå soli bak om blåe fjell

418 Framåt, framåt går ett tåg